Hjem

Ole Bull Akademiet på Voss

Min folketone

Alle har ein folketone - uansett kvar i verda ein kjem frå. På denne sida oppfordrar vi alle til å dele sin folketone/song. Kva er DIN folketone?

Min folketone

 

 

Rosekolla

Fortidas stemmer møter nåtid.

Folkemusikk fra seterlivet.

 

Om Rosekolla >>

Innholdet >>

Fra Riksscenen 26. januar, Ole Bull Akademiet 40 år

Ein hyllest til Ole Bull Akademiet, Sigbjørn Bernhoft Osa og dei gode hjelparane

Sigbjørn Bernhoft Osa (1910-1990)

Ville idéar er viktige å ha, og folkemusikken er full av ville idéar! I 1977 vart ein vill idé om eit folkemusikkakademi realisert.

Laurdag 26. januar 2019 inviterer Ole Bull Akademiet til ein heidundrande kveld med konsert, statt-upp-stevtevling for alle som har eit stev på hjartet, og dans til spelemenn og -kvinner frå akademiet!

 

Sigbjørn Bernhoft Osa såg at det stod dårleg til med kunnskapen om folkemusikk og folkedans hjå musikkstudentar rundt i landet. Dette ville han gjere noko med, og han fekk det til. Dette er også historia om gaukungen som vaks seg stor og synleg i norsk musikkliv. Ein vill idé om å etablere eit akademi på Voss, og tru at studentar frå heile landet skulle kome på kurs til bygda. Det er slike idéar som lukkast, og i dag er mellom 500 og 600 studentar årleg på kurs på Voss!

 

Ole Bull Akademiet har ei høg stjerne i norsk musikkliv, men ingenting kjem av seg sjølv. Det er 40 år med hardt arbeid, og vilje til å formidle folkemusikk og folkedans til stendig nye generasjonar, som gjer at akademiet i dag har ein sterk posisjon.

 

Konserten var ei musikalsk og historisk markering av dei 40 åra som har gått.

Medvirkende var:

 

 

Olav L. Mjelva

 

Kåre Opheim

Tellef Kvifte

 

Einar Mjølsnes

Roger Tallroth

 

Kari Malmanger

Eli Storbekken

 

Carl Petter Opsahl